Ungdomssamling 2025 Trondheim
Postet av Norges Bueskytterforbund den 16. Jan 2026
![]() | ![]() | ![]() |
På fredag var dagen endeleg her: UNGDOMSSAMLINGA hadde byrja. Til tross for glatte vegar, vindfulle flygingar og stormfull seglas kom folket fram til det gamle maktsenteret. Trondheim var destinasjonen, og her skulle ungdommen bli kjend gjennom dei tradisjonsrike leikane og samarbeidsoppgåvene under UU sitt regime.
Helga starta lett med innsjekking og taco. Etter ein skikkeleg tacofredag rulla utøvarane seg bort til konferansesalen og fekk gjennomgang av helga. Etter at eit par barn hadde gått i matkoma, vart dei vekte for å delta i nokre sosiale leikar, mellom blant anna tanteknute, diverse namnleikar og den berykta stolleiken. Det hadde dessverre ikkje vore ei UU-samling utan vakle-egg, til ungdommens store frustrasjon.
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() |
Laurdagen starta med eit brak klokka ti på halv sju altfor tidleg. Det var 30 pilar (ikkje akrobatikk) og lagskyting som stod på menyen for dagen. Skytarane tok kollektiv transport til hallen. #Bærekraftig! Skytinga gjekk OK for nokon og bra for andre, slik det pleier å vere for overseriøse ungdommar. Vi hadde ein rekkje spennande aktivitetar for ungane i hallen, så humøret var på topp. Etter siste finalen vende kursen tilbake til hotellet for å ete burger.
![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
Men skytinga var ikkje heilt ferdig enno. Dei eldre skytarane fekk moglegheita til å prøve archery tag. Archery tag brukar lettare bogar og mjukare piler, noko som gjer at ein kan skyte på kvarandre utan problem. Deltakarane vart delt inn i fem lag, og konkurransen var i gang. Den vesle energien ungdommane hadde igjen blei ofra på konkurranseinstinktet. Skota føyk, og energien forsvann. Det var mildt sagt ein sliten gjeng som reiste tilbake til hotellet. For dei som ikkje ville på archery tag, hadde vi ein spennande quiz og ulike aktivitetar på hotellet. Det var inkludert den berykta “Grab the mic” som kvart år har stor etterspørsel.
![]() | ![]() |
Søndag morgon gjekk ungane som zombiar gjennom gangane for å finne frukost. Etter måltidet samla alle seg til eit foredrag frå Sunn Idrett om kosthald i idretten. Fleire vart nok sjokkerte då dei fann ut at energidrikk ikkje er sunt, og at ein faktisk bør ete fisk av og til. Etter foredraget var det premieutdeling etter gårsdagens skyting. Premiane var gåvekort sponsa av Arctic Buesport. Tusen takk til Arctic Buesport for at dei stillar opp som stolt sponsor av ungdomssamlinga! Alt i alt verka ungdommane nøgde med helga, og vi håpar minst like mange kjem neste år også.
![]() | ![]() | ![]() |
Vi sees på NUM 2026~
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Norges Bueskytterforbund
Nye regler fra WA er lansert
16.01.2026
Påminnelse: Bueskyttertinget 2026!
09.01.2026
Kompetanseheving for trenermiljøet
01.01.2026
Presidenten har ordet - juleedition
22.12.2025
Presidenten har ordet - juleedition
22.12.2025





















